Her er informasjon om fløyteklassen min i Stavanger
Paris 2011 (Foto Vidar Austvik)Eg har hatt fløyteelevar på alle nivå sidan 1980. Dei fleste har eg hatt som studentar ved
Universitetet i Stavanger, institutt for musikk og dans (IMD), det tidlegare
Rogaland musikk-konservatorium. Men eg har òg undervist fløytetalent ved kulturskular og videregåande skular, samt gjeve
privatundervisning. I tillegg gjev eg stadig meisterklassar i Noreg og utlandet.Studentane mine har kome frå det meste av verda;
Europa, Amerika, Afrika og Asia. I innevêrande år (2010/11) har eg tre studentar på
Bachelor (frå Noreg), og to på
Master (frå
Serbia), pluss ein TIPP-student.
Me har årleg inne viktige fløytepedagogar frå heile verda som gjev meisterklassar ved UIS, og me samarbeider med Stavanger symfoniorkester, Stavanger kammermusikkfestival og nasjonalt om dette;
Patrick Gallois, Emmanuel Pahud, Philippe Pierelot, Jacques Zoon, William Bennett, Pierre-Yves Artaud, Leon Buyse, Ørnulf Gulbransen og Per Øien for å nemne nokre.
Mange av mine tidlegare studentar speler no i ulike orkester i Noreg og Skandinavia, arbeider som distriktsmusikarar eller i kulturskular. Fleire har i tillegg gått inn i leiande administrative stillingar ved kulturinstitusjonar/festivalar.